Skildring av turane på Kaupanger

Turane er merka, og det står skilt ved utgangspunkta.
Kart og krava for å verte postmeister finn ein under kaupanger idrettslag - trim
 
1.                     Flyplassvegen – Kaupangerholten - Flyplassvegen. 
                 
                        Start: Fyrste skarpe svingen på flyplassvegen, eller fyrste skogsbilveg (med bom) på flyplassvegen.

                        Høgde ca 115 meter- 1- 2 timar. 5 km.
                        Lett tur på god sti. Det er og mogleg å gå på skogsbilvegar. Rundtur.                      
 
4.                     Kaupanger Skule - Hauståkernakken. 
                       
                         Start: 
Kaupanger Skule
 
Høgde ca 220 meter - 2-3 timar. 5 km fram og tilbake.
Tur på god sti, noko stigning. Eit lettare alternativ er å gå på skogsbilveg frå Dalaker. Flott utsikt over Amlabukti.
 
5.                     Timberlid – Hungerhaug

                         Start:
Litt forbi Timberlid Camping i Amla
 
Høgde ca 600 meter – 3 - 4 timar. 7 km fram og tilbake.
Turen følger den gamle seterstien frå Amla til Hungerhaug. Ein kan og starta turen ved busslomma på Mannhillervegen. Som eit alternativ kan skogsbilvegen nyttast.
 
2., 3. og 7.       Vesterland – Storehogen (om Hatleggi) – Bjørkastølen - Vesterland.

                          Start:  Vesterland,  Storamyri (der flyplassvegen flatar ut) eller rett før flyplassen (då går ein på bilveg)
 
Høgde ca 970 meter – 5 - 7 timar. 14 km.
Flott utsikt over Sognefjorden og Sogndal. Rundtur 
 
8.                     Festningsdalen – Kyndilstjørni – Festningsdalen.

                        Start:
Bomvegen som går opp til Svartahol eller ved den raudehytta som ligg ved vegen til festningadalen.
 
                                Høgde ca 500 meter – 4 - 5 timar. 11 km.
Sti av ulik kvalitet. Fleire utsiktspunkt. Delar av turen kan gåast på skogsbilveg. Rundtur
 
5. og 9.            Dalaker – Vardahei – Hungerhaug - Dalaker.

                          Start:
Der bomvegen til Goro startar (øverst på Dalaker)
 
Høgde ca 500 meter -   3 - 4 timar. 7,5 km.
Noko bratt sti opp til Vardahei, med ikkje så bratt ned att om Hungerhaug. Vardahei ligg over tregrensa, og det er utsikt i alle retningar. Rundtur.
 
10.                   Dalaker - Store Haugmelen. 

                         Start: Litt før ein kjem til bomvegen til Goro (før dei 2 siste husa på toppen av Dalaker)
 
Høgde ca 670 meter – 5 - 6 timar.14 km fram og tilbake.
Halve turen går langs skogsveg. Frå Vassløysa noko bratt sti opp  til toppen. Flott utsikt. Turen kan utvidast i fleire retningar.
 
11.                   Festningsdalen – Amlaholten - Festningsdalen.

                         Start:
Bomveg på vegen til Festningadalen, eller ved den raude hytta der vegen heller nedover att mot Festningadalen.
 
2 –3 timar. 5 km.
Turen går dels på skogsbilveg og dels på god sti. Rundtur.
 
6. og 12.          Flyplassen –Lingesete - Dueskardhøgdi.

                          Start:
Parkeringsplass rett før flyplassen
 
Høgde ca 490 meter - 5 - 6 timar. 15 km fram og tilbake.
På skogsbilveg eit stykke forbi Lingesete. Deretter sti til toppen. Flott utsikt.
 
13. og 14.        Dalaker - Øyestølen – Breisete - Dalaker

                           Start:
Litt før ein kjem til bomvegen til Goro (før dei 2 siste husa på toppen av Dalaker)
                       
4 - 5 timar. 12 km.
Stort sett på skogsvegar. Stien mellom Øyestølen og Breisete er noko utydeleg. Rundtur.
 
15.                   Dalaker – Ospesete
 
                         Start: Litt før ein kjem til bomvegen til Goro (før dei 2 siste husa på toppen av Dalaker)
 
                                2 – 3 timar. 8 km.
Frå  Goro går ein mot Øydestølen/Ospesete. Ved brua deler vegen seg att, og her kan ein enten gå mot Øydestølen eller mot Ospesete (rundtur).
 
16.                   De Heibergske Samlingar, Sogn Folkemuseum – Hesteggi 

                        Start:
På motsett side av riksvegen ved parkeringsplassen til Sogn Folkemuseum (skogsbilveg)
 
                               Høgde ca 700 meter. 4 -5 timar. 11 km fram og tilbake.
På skogsveg forbi Valebergstølen. Vidare på varierande sti til toppen. Flott utsikt i alle retningar.


Alternativ rute : Kjørnes-Hesteggi
 
Kjøyr til toppen av feltet, parkering på venstre side av vegen v/mast
Gå vegen til enden av byggefeltet, gå til venstre gjennom grinda, hold til venstre langs kanten. Utsikt mot Sogndal.
Ca 200 m under øvre mast er stien merka til venstre og det flatar ut, ta til venstre v/toppen av gammal stølsvoll.
Stien går vidare med utsikt mot Sogndal, ein kjem inn på skogsveg, gå over høgste punktet på skogsvegen og ca 50 meter etter toppen
tek ein sti til høgre mellom to store furutre, stien går først ein del til venste før den svingar seg opp mot Hesteggei, bratt siste 200 meter.
 
Turen opp tek ca 1,5 – 2 timar


K - KULTURSTI

Startar ved Kaupanger Stavkyrkje og går til "Jektekaien".
           Lengde ca 1,5 km