KIL-damene godt nøgde med våren........

Då er fotballferien her, og kampsesongen er halvvegs. KIL-damer har ei uttalt målsetjing om 1. plassen i avdelinga. Me ligg godt plassert i tetsjiktet, og årets mål er innan rekkevidde...
Me har spelt 11 kampar, 8 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap er fasiten når me er halvvegs. Heime på Kaupanger har me kun sigrar, noko meir varierande har det vore på bortebane. Så langt i sesongen har me nytta 24 spelarar, det er mykje. Hovudårsaka til dette er skadar og sjukdom. I periodar var me svært utsette, og faktisk var me kun 10 spelarar frå A-stallen til ein av kampane våre når skadekrisa ramma oss. Skadar er ein del av fotballen, og det lyt me leve med. Me har vore flinke til å hatt fokus på dei me har hatt disponible til ei kvar tid.
Lokale ungjenter som Ida Dalaker, Runa Buene og Lea Lefdal Jenssen har alle fått sin debut i 2. divisjon. Me håpar det inspirerar til vidare satsing og mål om meir spel for KIL-damer.

Målskilnaden vår er 42-32, me skårar mykje, og slepp inn mykje. Så det er underhaldande å sjå KIL-damene spele fotball. Og det er vel underhaldning publikum vil ha. Me er nøgd med 42 skåra mål, og me har skapt mange sjansar. Det syner at det me øver på offansivt sit ganske bra. Me har og mange potensielle målskårarar i laget.
Me har slept inn for mykje mål, det er heilt klart. Me føler me har konbtroll på kvar skoen trykkjer mest, det er at me er for passive på eigen halvdel. Der me burde sparka ballen til skogs, har me teke den ned, og kanskje mista den. Der me skulle ha tackla, har me ikkje gjort det, der me burde pressa meir aggressivt har me vorte for passive.....

Ser ein på tabellen(.og det gjer jo alle), så ser ein at det jamnt i toppen, og jamnt vil det nok vere heilt inn. Difor er det viktig at me er skjerpa på kvar einaste trening og kamp. Detaljane vert avgjerande, og slurvar me på noko, så kan me vinke farvel til 1. plassen.

Jentene har no ein velfotjent ferie, før me samlast att i midten av juli. Då startar oppkøyringa, fyrst mot Norway cup der me skal delta med juniorlaget. Like etter NC er det på`an igjen i serien, og ein spennande haustsesong.

Det vert nokre justeringar i spelartroppen i haust, Marthe Standal, Eli Anne Dvergsdal og Siriann Skagen takkar for seg. Alle desse 3 har vore mykje skadeplaga siste åra. Marthe har spelt ein del i vår, medan Eli Anne akkurat var i gang att før ny korsbandskade ramma ho. Siriann har bestemt seg for å kutte fotballen no, 3 år med skade gjer at ho ikkje går på att.

Det er og spelarar på veg inn, 17-åringen Elise Mjåseth er no tilbake i KIL etter utlånsperioden med Førde. Elise startar på Luster vidaregåande i haust. Elise sine spisskvalitetar er kjende, og me ser fram til å få Elise på plass att. Frå Førde kjem og Kristin Æsøy, ho er ei seriøs og talentfull jente som me vil få nyte godt av. 16-år gamle Kristin spelar sentralt på midtbana, men kan og nyttast som midtstoppar. Kristin er frå Florø, og vil i haust starte på Idrettslinja på Sogndal vgs. Begge desse er klar for KIL til Norway cup - ta vel imot dei!

Utover dette kan det og verte andre justeringar i troppen, men pr idag er dette som er avklart.

Me ynskjer alle ein fin sommar. Kos dykk med VM, Adecco- og Tippeliga medan de ventar på at 2. divisjon avd 4 startar oppatt.