NY FOTBALL HEIMESIDE

2011-01-20 21:03:00
Kart over Kaupanger

Kaupanger er ein tettstad i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane fylke med omlag 2000 innbyggarar.
Heimesida vert drifta av Kaupanger idrettslag, og ansvarleg redaktør er Bjarte Ramstad.

Søk på nettet:

 

Gymsal vinter 2012, ENDRA 4.januar

Det er laga eit nytt framlegg der alle har fått, sjå vanleg plassering. Noko kan vere gløymt. Planen byrjar å verte gyldig no, og kan trenast etter. Planen vert spikra i løpet av helga. post@kaupanger.no
02.01.12 kl. 02:01

RSS

Nyhende og aktuelle saker

Ikkje akkurat vakkert...........

Flotte tilhøve i lysøypa, MEN...........

Det er flotte tilhøve i lysløypa, og det er mange som nyttar løypa. Diverre er det nokre uansvarlege på Kaupanger som nyttar skispora til anna enn skigåing.
Les meir »   27.01.12 kl. 13:31

Flott oppslutnad om skikarusellen!

Skikarusellen fekk ein flott start på sesongen då det vart ny deltakar-rekord. 79 ungar deltok på skikarusellen denne torsdagen! Resultata finn du på skigruppa si side.
27.01.12 kl. 08:27

Quiz på KNAKEN!!

Laurdag førstkommande er det quiz på Knaken. Oppstart klokka 20.00 ( ope til 02.00 ). Ta med gode vener og kjemp om heider og ære! Sal av drikkevarer og småsnacks. ALLE VEL MØTT!
25.01.12 kl. 23:37

Skicup og skikarusell torsdag 26.januar!

Skigruppa i KIL startar opp med skicup og skikarusell i lysløypa på Kaupanger torsdag 26. januar kl 17:30. Tilbodet gjeld barn, ungdom og vaksne i alle aldre.
Les meir »   23.01.12 kl. 21:06

KIL-løparar på skirenn i Førde

KIL stilte med 8 løparar i alderen 11-18 år under søndagens SSF-cup på Langeland i Førde. I strålande vintervèr hevda KIL-løparane seg godt, og innsatsen var framifrå. Resultatlister og flotte bilde finne de på: www.skikrinsen.no
23.01.12 kl. 09:15

Skitrening i lysløypa på Kaupanger måndag 23. januar!

Det vert skitrening måndag 23. januar kl 18- 19:30, for den eldste og yngste gruppa. Stilart skøyting!
22.01.12 kl. 21:25

Nypreparerte spor til Breisete

Einar har køyrt opp nye spor til Breisete i dag, laurdag 21. januar. Det er òg køyrt opp spor over myrane og bort til Breisetevatnet. Ein kan soleis få seg ein fin rundtur.
21.01.12 kl. 11:09

Skispor til Breisete

I skrivande stund (laurdag 14.01. kl. 11.00) driv Kristoffer å freser opp vegen til Goro. Einar skal køyre opp spor til Breisete ganske snart, så GOD TUR!!!
14.01.12 kl. 10:56

RSS

Kva skjer på Kaupanger